Lysefjorden skil seg frå andre fjordar i Rogaland med all sin villskap.
Mange detaljar med berggrunn, landskapsformer og lausmassar
gjer Lysefjorden til eit særprega og eineståande naturdokument.
Lysefjorden er som andre fjordar i Ryfylke forma av
breane under istidene. Frå ferjestaden Oanes og
kommunesenteret Forsand skjer fjorden seg
kring 4 mil beint inn mellom høge og bratte fjell.
Utdrag frå: Lysefjorden - ei kulturhistorisk reise,
Halvdan Magnus Hansen og Njål Tjeltveit